VELKOMEN

Fotograf i Lom

Eg held til i Lom kommune i Nord-Gudbrandsdalen, i Oppland, og tilbyr eit dekkande og fleksibelt tilbod innan portrett, baby-og bornefotografering, bryllaups-og konfirmasjonfoto, eventar og reklame-og marknadsføringsfoto. Det er moglegheiter for fotografering både i studio og på location. Sjå dei ulike fanene for informasjon om dei ulike tilboda, og skulle du ha eit ynskje om noko anna enn det som står her - nøl ikkje med å ta kontakt!

 

Passfoto

 

I ulike samanhengar treng ein passfoto. Skal ein ha passfoto til ordinært pass og er over tre år, er dette noko dei ordnar på politikontoret. Skal ein derimot ha passfoto av born under tre år, er dette noko politiet ikkje kan hjelpe med. Likeeins dersom du skal ha passfotoet til noko anna enn pass - til dømes yrkesbevis, kursbevis, jaktlisensar med meir. I slike situajsonar kan eg hjelpe deg. Eg tek passfoto som du får med ein gong. To passbilete i farge eller svart/kvitt kostar 200 kroner og blir ordnar medan du ventar. Meir informasjon om passfoto finn du på på her på politiet.no.

 

Ta kontakt dersom eg skal hjelpe deg!

 

 

Pratast!

 

Marit Sletten

Org.nummer: 913 426 495

Post-og besøksadresse: Øvergrendsvegen 119, 2686 Lom

Mobil: 41429596

E-post: marit-sletten@hotmail.com

 

Følg meg på instagram!

 

 

 

Følg meg på facebook!

Copyright © Marit Sletten Foto: Marit Sletten